onsdag 6. mai 2009

Ikaros


"Noko sprang opp i han
Han måtte flyga
Høgt over byens tak
Han flaksa gjennom rommet
i ein tynn grå frakk
Og like før han stupte
på asfalt og jernbaneskinner
kom ein liten engel
og styrde han mot ein liten grøn flekk
av mjukt. Medisinmennene
skar og stakk
i netter og dagar
og sydde vengene saman
Men sjela, venn, sjela

Kva slags trådar skal vi bruka
i dette gjennomhola stoffet
av kondemnert luft?"

- Hentet fra Tor Obrestad, dikt i samling 1966-1999-

1 kommentar:

Bai sa...

Dette diktet hadde eg gløymd at eg liker veldig godt. Takk for at du minte meg på det igjen.